Gamle riksveg 50, og Losna,- siste sundstaden i dalen
Fåvang har mange bortgjemte og glemte kulturminner. Et av dem er gamle riksveg 50 forbi sundstugua på Losna.
Tidligere i høst rusla vi vegen og etter 70 år ligger den der like inntakt, med bla. "autovern" i treplank.
Eldre Fåvanginger husker denne smale og trange vegen utmed Borgenesseberget, hvor bla. ei stygg bilulykke skjedde like før krigen.
Under krigen tok Tyskerne og la om vegen opp til Borgemoen,
og siden da har gamle riksveg 50 ligget der i skyggen av både E6 og folk flest.
Tekst: Per Åsmundstad, - fritt etter Ludv. J. Strand, Årbok for Gudbrandsdalen 1971.
Bildet viser Sundstuggua i dag.
Hausten 1968 vedtok Ringebu kommunestyre å leggje ned Losna sundstad.
Samtidig slutta den siste faste sundmann der,
Oscar Bjørnesset.
Da hadde det vore fast
sundstad på Losna sidan jarnvegen Tretten
– Sel vart opna hausten 1896. Før den tid
tok folk seg over Losnasundet med eigne
båtar etter som dei trong.
Det vart sett opp ei lita tømrastugu like
ved ”storvegen” med godt utsyn mot
andre sida der Losna-stasjonen ligg.
Det var
berre eitt rom frå fyrsten. Det var Emort
Strandstugun og Johannes Borgemoen
som tømra opp Sundstugu.
Den fyrste
sundmannen som vart tilsett heitte
Kristoffer Olsen. Han skulle vera kome
frå Østenstugun i Søre Fåvang og hadde
budd oppi Kvenndalen, nord og ned for
Lindvikskampen ei tid og sidan nede ved
Sør-Strand skule før han fløtte inn i Sundstugu.
Ved folketeljinga i 1900 bur Kristoffer der saman med kona Marthe, født i
Østre Gausdal, og dottera Anne og sonen
Kristian født i 1895. Kristoffer og seinare
Anne hadde ansvaret for sundtrafikken til
1917.
Det var stor trafikk dei fyrste åra. Eit stort
lagerhus for varer vart oppført. Sundmannen hadde både båt og ferje slik at det
kunne fraktast både hestar, køyrereiskap,
høy og varer til Bjørgevolden Landhandleri.
Det kunne vera mangt som kom med
jarnvegen. Så lenge ein måtte ro både
båt og ferje og attpå til fekk sjenerande
vind, var det ikkje noko lett arbeid å ta seg
fram dei snaue 700 metrane over sundet !
Ved messe med barnedåp eller
konfirmasjon, eller bryllup og
gravferd vart det mykje trafikk
frå og til Fåvangskyrkja.
Neste sundmann vart Laurits Skjelleberg, men han stod
i berre sommaren 1917.
Da
tok Torger Pedersen over og
han stod i heilt til 1942. Han
hadde med seg ein familie på
7-8 personar, så da vart det
behov for å byggje på ei høgd
til og gang både oppe og nede.
Det hadde enda ikkje vore fast
lønn for sundmann
da Torger tok over.
Det kosta 10 øre å
bli rodd over. Sykkel
og ryggsekk gjekk
med attpå. For hest
eller ku med ferja
var det fyrst 50 øre
og seinare det dobbelte.
Siste krigsåret
1918 fekk Torger eit
dyrtidstillegg på kr.
100 og frå fyrst på
1920-talet fekk sundmannen fast årsløn
på 300 kroner attåt
dyrtidstillegget. Sundpengane auka fyrst
til 25 øre per tur og
sist då Torger dreiv
vart det til 50 øre.
Den faste lønna auka
og etterkvart.
Etter Torger tok sonen Kristian over som
sundmann. Etter ei
tid vart sundpengane
auka og no kosta det
ei krone å bli rodd
over.
Kristian Torgersen fekk seg omsider
motorbåt.
Siste sundmann over Losnasundet var
Oscar Bjørnesset frå 1965. Han fekk seg
påhengsmotor, men laut halde seg sjølv
med bensin så det vart ikkje rare fortenesta. Da han søkte Ringebu kommune
om å få auka lønna frå kr.4.000 årleg til
kr.6.000, vart det sagt stopp og sundstaden lagt ned i 1968.
Dei tre siste som Oscar rodde over for betaling var Johannes
Opheim frå Kvam, Johan Amrud og Ola P.
Stenumgard som kom frå eit møte 2.november 1968 ved 22-tida.
Dermed var ei
70-årig ordning ferdig for godt.
Vi var mange på Losna som sakna sundmannen vår, men med betre vegar, bilruter
og stadig fleire privatbilar var det ikkje
same behovet for sundmann lenger.
Teksta i denne artikkelen er skrevet av Per Åsmundstad frå Ringebu,
men sto på trykk
i Årboka for gudbrandsdalen i 1971.
Ho var da skrevet av Losnakaren Ludvik J. Strand.
Ludvik bodde på Losna og arbeidde for Jernbanen.
Bildene her viser gamle Riksveg 50 slik han gikk
til krigsåra, da Tyskerne la han ned, og bygde nyvegen over Borgemoen.
Vegen står urørt etter 70 år, og med bla. gamle "autovern" i tre...
(Bilder og tillegsopplysninger om gamle riksveg 50 er innhenta av Ole M. Nybakken)
|